16.05.2012

Bryt lova med vilje

Kjartan Longva (Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK)

GIR BLAFFEN: Dersom dette er eit brot på lova, får vi vel eit pålegg, reknar eg med, seier ordførar i Høyanger, Kjartan Langva (Ap).

Foto: Brit Jorunn Svanes/NRK

Høyanger kommune nektar å gi tilsette bedriftshelseteneste.

Frå nyttår av skal dei fleste tilsette i kommunane ha krav på ei slik teneste, men formannskapet i Høyanger med Arbeiderpartiet i spissen gir blaffen i lovverket.

– Lovpålagt

Sonja Myrekrok i sjukepleiarforbundet i Høyanger seier ei helseteneste ville fått ned sjukefråværet.

– Det er eit godt tilbod til arbeidstakarane. Kartleggingar på arbeidsstadane syner at ein er utsatt for mange belastningar som kan føre til eit auka sjukefråver.

Myrekrok er opprørt.

– Vi reagerer på dette. Det er ei lovpålagt teneste.

Ukritisk til brot på lovverket

Ordførar Kjartan Longva (Ap) seier at kommunen ikkje har pengar. Han vil dermed ikkje gi dei tilsette det dei har krav på.

– Det har med økonomi å gjere. Vi skulle gjerne innført bedriftshelseteneste over heile fjøla om vi hadde hatt pengar til det.

Han stiller seg ukritisk til at dette er eit brot på lovverket.

– Dersom vi bryt lova, så får vi vel eit pålegg, reknar eg med.

– Ikkje Ap verdig

Ap og SV har reint fleirtal i formannsskapet. Leiar i Raudt Einar Rysjedal meiner det som skjer ikkje er Ap verdig.

– Ap fører i dette tilfellet rein Høgre-politikk. Eg håper og trur at Ap vil snu denne saka, for det er rett og slett urimeleg.